• 110288-1

    id
    • 110288-1
    navn
    • Væting
    opphav
    • Agder fylkeskommune
    informasjon
    • Beskrivelse fra lokalitet: På ein vest-aust-gåande grusrygg ligg tuftene etter Væting der fire gardsbruk på ForGard hadde kvart sitt stølsbruk fram til jordskiftet av 1957. Dei fire stølsbruka blei nedlagde i 1940-åra. Gavlane til fire eldbuer stod etter einannan frå vest til aust, men alle møna var vende nord-sør parallelt med einannan. Vestlegaste eldbu 3 x 4,5 m med are i midten. 6 m lenger aust stod neste eldbu 1,4 x 3 m med are i søraustre kroa. 2m lenger aust stod neste eldbu 1,4 x 3,5 m med are i søraustre kroa. 8 m lenger aust stod austlegaste eldbu 1,7 x 4,5 m med are i søraustre kroa. Den austlegaste eldbua var inndela i to rom: Den eigentlege eldbua i sør og løa i nord. Dei tre fyrstnemnde stølsbruka hadde inga løe; så høyet blei sett i stakkar. 23 m aust for den austlegaste eldbua ligg det ei kvi på 8 x 7 m med steingjerde rundt der dei molka kyrne og klypte sauene. 30 m sør for austlegaste eldbu låg tufta etter ei eldre løe 1,4 x 3 m. 6 m sør for denne låg tufta etter ei eldre eldbu 1,7 x 4 m med are midt i nordre del. 7 m aust for denne låg buvegen. Det finst rydningsrøyser i området. Beskrivelse fra Enkeltminne: Tufter etter fire stølsbuer som stod i ei rekkje med alle møna vende nord-sør parallelt med einannan. Alle var eldbuer med are, men den austlegaste var inndela i to rom: Eldbu i sør og løe i nord. Dei tre fyrstnemnde hadde inga løe; derfor blei høyet på desse tre stølsbruka sett i stakkar. Aust for den austlegaste tufta ligg det ei inngjerda kvi. Sør for den sørlegaste tufta ligg det fyrst tufta etter ei eldre løe og så tufta etter ei eldre eldbu. Folk seier at her har vore funne jernslagg frå eldgamal tid.
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2007-08-29T09:08:10Z
    kommune
    • 4224
    kulturminneId
    • 110288-1
    antallEnkeltminner
    • 1
    lokalId
    • 110288-1
    lokalitetsart
    • 20128
    lokalitetskategori
    • L-ARK
    målemetode
    • 82
    versjonId
    • 20210217
    nøyaktighet
    • 500
    synlig
    • Ja
    vernetype
    • IKKEV
    vernedato
    • 2007-08-29T00:00:00Z
    opprinneligFunksjon
    • 9900
    datafangstdato
    • 2007-08-29T00:00:00Z
    opprettet
    • 2007-08-29T09:08:10Z
    oppdateringsdato
    • 2020-01-27T20:13:20Z