• 110514

    id
    • 110514
    navn
    • Skòthommen
    opphav
    • Agder fylkeskommune
    informasjon
    • Namnet kjem av skot (lasteskot, utstøytingsstad for tømmer) og hom (kvelv, botn, halvsirkelforma område med fjell på tre kantar). Oppunder den øvste lia lengst i nord ligg grunnmuren etter ein 5 x 6 m stor stølsbygning. Skòthommen var støl under Ljosland frå 1600-talet til 1860. Ein yngre son på garden Pytten kjøpte Skòthommen med tilhøyrande utmark i 1860 og stifta familie der for å driva Skòthommen som gard. I dei fyrste ti åra budde han med familien sin i stølsbua. Men i 1870 bygde han nye hus nede på vollen. Tømmeret kom frå Ljosland og blei køyrt til Skòthommen på 18 sledar. Ein kan ennå sjå murane etter det 7 x 10 m store uthuset som han bygde, lengst vest på vollen (fyrste høgda var truleg flor med steinvegger). Der budde 1 fole, 5 kyr, 3 ungnaut, 12 sauer og 12 geiter. Ein kan ennå sjå tufta etter det 5 x 10 m store setehuset som han bygde, i aust (stove + forstove + stove). Dørsteinen (dørhella) ligg midt på framsida der inngangsdøra førde inn til ei forstove, og så var der éi stove på kvar side av forstova. Dei dyrka 3 tønner jordeple (poteter). Han skaut 9 bjørnar. Bror hans (som var den eldste sonen i Pytten) greidde ikkje gjelda si på garden Pytten og reiste derfor med familien sin til Amerika. Den yngre sonen, som budde i Skòthommen, hadde ikkje råd til å kjøpa Pytten ennå, så Pytten blei selt til sauebønder på Jæren og bortleigd til ljoslendingar, men i 1876 tok han Pytten på odel, flytte frå Skòthommen til Pytten med familien sin og reiv husa i Skòthommen. Truleg blei husa sette opp att i Pytten. Då hadde han budd med familien sin i dei nye husa i Skòthommen i berre seks år. I alt hadde han budd med familien sin i Skòthommen i 16 år. Skòthommen var altså gard i 16 år. Familien beheldt då Skothommen som eigedom, som tillegg til Pytten, men gjekk over til å bruka Skòthommen som løeslåtte. Dei bygde ei lafta løe på tufta etter den vestre stova, og denne løa stod fram til 1980-åra. Dei slo innmarka i Skothommen til 1952 (ikkje 1949 som det feilaktig står i boka) og hadde høyet dels inne i løa og dels i stakkar utandørs. (Dette ID erstattar det tidlegare ID 110513 som er stroke).
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2007-09-10T11:26:41Z
    kommune
    • 4224
    kulturminneId
    • 110514
    antallEnkeltminner
    • 4
    lokalId
    • 110514
    lokalitetsart
    • 20159
    lokalitetskategori
    • L-ARK
    målemetode
    • 82
    versjonId
    • 20210217
    nøyaktighet
    • 500
    synlig
    • Ja
    vernetype
    • IKKEV
    vernedato
    • 1900-01-01T00:00:00Z
    datafangstdato
    • 2007-09-10T00:00:00Z
    opprettet
    • 2007-09-10T11:26:41Z
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z