• 110962-1

    id
    • 110962-1
    navn
    • Nyre - Lokalitet 1 / Nyre Lokalitet 1
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    informasjon
    • Beskrivelse fra lokalitet: Lokalitet med busettings- og aktivitetsspor frå eldre jernalder. Det er opna fire sjakter på flata, sjakt A, E, G og F, i tillegg er det opna ei sjakt, sjakt H, i skråninga sørvest for bruket på 195/4. Tre av sjaktene var funnførande, sjakt A, E og G. Lokaliteten er avgrensa av tomme sjakter i sør, av bruket 195/4 i aust og av Nyresvegen i nord. I nordlege halvdel av sjakt E og G er det ikkje gjort funn. I sjakt G er det to dreneringsgrøfter og eindel nyare påfylt masse med moderne avfall. Utstrekning på lokaliteten er utifrå funntomme sjakter og naturleg topografisk avgrensing rekna til å vere ikring 5000 m2. Beskrivelse fra Enkeltminne: Lokaliteten består av tre funnførande sjakter med funn av til saman 39 strukturar, elleve strukturar i sjakt A, åtte strukturar i sjakt E og 20 strukturar i sjakt G. Ut i frå funn av stolpehol i sjaktene og ei veggrøft i sjakt E er det sannsynleg restar etter minst tre bygningar på flata. Trekol frå veggrøfta E-7 i sjakt E er datert til Cal BC 60 - AD 350, førromersk jernalder/romartid. Det er gjort lite funn på den nordlege delen av flata, funna ligg konsentrert i sør og midt på flata. Utstrekning på lokaliteten med busettingsspor frå eldre jernalder er utifrå funntomme sjakter og naturleg topografisk avgrensing av flata rekna til å vere ikring 5000 m2. Sjakt A: 16,5 meter lang og 4,5 meter brei, djupna på sjakta er mellom 20-30 cm, samla avdekka areal er ikring 75 m2. Anlegga i sjakt A er konsentrert til den sørvestlege halvdelen av sjakta. Det vart registrert 11 strukturar i sjakta, fem stolpehol, ei kokegrop og fem fyllskifte. Tre av strukturane er snitta A-3, A-4 og A-6, to fyllskifte og eit stolpehol. Ingen av strukturane er datert. Sjakt E: 70 meter lang og mellom 3,5 og 4 meter brei, djupna på sjakta er frå 20-30 cm i sør til noko djupare i nord, mellom 40-50 cm. Samla avdekka areal er ikring 263 m2. Anlegga i sjakt E er konsentrert til den sørvestlege halvdelen av sjakta. Det vart registrert åtte strukturar i sjakta, seks stolpehol, ei kokegrop og ei grøft som er tolka å vere veggrøft i eit hus. Det er snitta tre strukturar E-5, E-7 og E-8, eit stolpehol, ei veggrøft og ei kokegrop som var gjenfylt med nyare dyrkingsmasse. Trekol frå veggrøfta E-7 er datert til førromersk jernalder/romartid, Cal BC 60 - AD 350. Veggrøfta E-7 er tolka å vere ein del av eit hus kor sannsynleg også stolpehol E-2, E-4, E-5 og E-6 er ein del av. Djupare pløyespor i sørvest kan ha øydelagt kulturspor då det er eit relativt tynt overdekke på staden. Sjakt G: 45 meter lang og ikring 4,5 meter brei, djupna på sjakta er ikring 30 cm, samla avdekka areal er ikring 202 m2. I den nordleg halvdelen av sjakta er det påvist to breie dreneringsgrøfter, i denne delen av sjakta er det også nyare påfylte massar. Anlegga i sjakt G er konsentrert til den sørlege halvdelen av sjakta. Det vart registrert 20 strukturar i sjakta, seks stolpehol, ti groper og fire fyllskifte. Det er snitta tre strukturar G-1, G-2 og G-3. To groper og eit fyllskifte. Ingen av strukturane er datert. Funn av ein slaggbit med brent leire indikerar jernframstilling på staden. Slaggbiten er eit lausfunn og funnen rett nord for den sørlegaste store dreneringsgrøfta, slaggbiten kan difor vere redeponert på staden.
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2007-10-01T16:19:46Z
    kommune
    • 4621
    kulturminneId
    • 110962-1
    antallEnkeltminner
    • 1
    lokalId
    • 110962-1
    lokalitetsart
    • 20159
    lokalitetskategori
    • L-ARK
    målemetode
    • 99
    versjonId
    • 20210217
    nøyaktighet
    • 500
    synlig
    • Ja
    vernetype
    • FJE
    vernedato
    • 2006-05-29T00:00:00Z
    vernelov
    • KML
    verneparagraf
    • 8.4 (Dispensasjon)
    opprinneligFunksjon
    • 1200
    datafangstdato
    • 2006-05-29T00:00:00Z
    opprettet
    • 2007-10-01T16:19:46Z
    oppdateringsdato
    • 2022-02-17T02:07:04Z