Beskrivelse fra lokalitet:
Lokalitet med busettings- og aktivitessspor frå eldre jernalder. Det er opna to sjakter på flata, sjakt AH og AI. Begge sjaktene var funnførande. Lokaliteten er avgrensa topografisk av bratte skråningar i vest, nordvest, nord og i søraust. I sør smalnar flata og fortset utover reguleringsplangrensene. Utstrekning på lokaliteten er rekna å vere ikring 2800 m2.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Lokaliteten består av to funnførande sjakter med funn av til saman åtte strukturar, sju strukturar i sjakt AI og ein struktur i sjakt AH. Trekol frå kokegrop AI-18 i sjakt AI er datert til Cal BC 380 - 40, førromersk jernalder. Utstrekning på lokaliteten er ut i frå naturleg topografisk avgrensing ikring 2800 m2. Sjakt AH: 25 meter lang og ikring 3,5 meter brei, djupna på sjakta er mellom 20 og 40 cm, samla avdekka areal er ikring 87 m2. Det vart registrert ein struktur i sjakta, ei kokegrop. Den er ikkje snitta eller datert. Sjakt AI:12 meter lang og 3,5 meter brei, djupna på sjakta er mellom 20 og 40 cm, samla avdekka areal er ikring 36 m2. Det vart registrert sju strukturar i sjakta, to eldstader, to kokegroper, ei grøft (delt på to strukturnummer) og eit fyllskifte. Det er snitta tre strukturar, eit fyllskifte AI-11 og to eldstader AI-12 og AI-17. Det vart i tillegg tatt kolprøve frå ei kokegrop i flate, AI-18, denne er datert til førromersk jernalder, Cal BC 380 - 40. Det vart funne ein knakkestein i sjakta. Knakkesteinen vart funne i sjakta etter avdekking og er eit lausfunn.