Beskrivelse fra lokalitet:
Like ved sida av bautasteinen låg ein haug som blei utgraven i 1964. Der blei funne ei mengd brot frå to leirkrukker, fragment av tre beinkammar, del av ein liten sigd, brende bein og trekol. Tidfestinga er eldre jernalder, romersk tid, 200-300 e.Kr. Truleg ei kvinnegrav. Lokaliseringa er omtrentleg.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Her låg ein gravhaug som blei utgraven i 1964. I haugen blei det funne mange bitar frå to leirkrukker, bitar av tre beinkammar, ein del av ein liten sigd, brende bein og trekol. Funna blei tidfeste til eldre jernalder, romartid, 200-300 e.Kr. Denne gravhaugen var truleg ei kvinnegrav. Denne gravhaugen låg like ved sida av den gravhaugen som bautasteinen står på. Kartfestinga er omtrentleg.