Hustuft. Rektangulær, med veggvollar av oppspadd jord. Overgrodd av lyng/torv. Golvflata er om lag 3x2 m. Eit søkk i SV del av veggvollen kan vere eit inngangsparti e.l. Denne tufta verkar å vere av ein noko annan type enn ruinane av stølshus i området, og kan vere eldre. Om lag 10 m S for tufta, i sørvendt skråming, ligg ei murt innhegning (diameter om lagg 10 m). Det er uvisst om denne har med tufta å gjere, eller om den kan knyttast til stølinga i området.