Beskrivelse fra lokalitet:
Tufta ligg på kanten av ein morenerygg, her er tørt lende og tufta er delvis gravd ned i grunnen, delvis mura i framkant. Den ligg på stølsvollen rett i sørvestre kant av Vassendevatnet. Her er fleire tufter etter gamle stølshus, låge rektangulære vollar utan kjellarmuring.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Tuft ligg på ein markert terrengrygg noko sør og opp for Vassendavatnet, her er eit søkk i bakken som truleg er tuft etter eldre støls/aktivitetshus på noverande Stølsområde. Tufta er ca åtte meter lang og 5 meter brei, men her er vanskeleg å gje eksakte mål.