• 112279

    id
    • 112279
    navn
    • Utne - Fetts fk. 1/1, 1/3-8, Tingnes
    opphav
    • Universitetsmuseet i Bergen
    informasjon
    • Røysar og haugar på Tingnes og næraste tilgrensande flate S for Ytste Fossedalselv. Storparten er bortrudd, og vanskelag å finne ut av. Berre fk. 1/1 og fk. 1/2 er kjende no, og berre fk. 1/2 ligg att. Dei er omtala av Nicolaysen i NF, Bendixen 1889 og Olafsen 1907, Olafsen finn talet på røysar hjå Bendixen for høgt, "- muligens er her en misforstaaelse." Han har vore på staden og snakka med folk. Bendixen skil nøye mellom det han har etter Nicolaysen og det han sjølv har sett eller høyrt, men skilet er berre redaksjonelt, og han tek såleis - som ofte elles - oppatt same tingen som han alt har hermt etter Nicolaysen. Fk. 1/1 - "Nesjarøysi", bortrudd 1930. Låg på toppen av ein grusbakke på Tingnes på N-sida av Ytste Fossedalselv, om lag 40 m frå stranda, 10 m o. h. Var om lag 15 m i tvm., minst mannshøg i midten, det må vere denne som etter Olafsen har hatt steinsetjing rundt. Turr røys av småfallen stein med nokre store imellom. På naturleg botn av rullesteinsfjøre var ei kiste av kantsette heller, om lag 2m lang NO-SV, eine sidehella var 2,2 m lang. B 8088 vart funnen etter kista var bortrudd. Fk. 1/2 - Sjå eigen post i Askeladden. Fk. 1/3 - Røys, bortrudd før 1888. Omtala av Bendixen (".. .. ryddet 1 stor røs, lig ved den lille Fossedalselv, ..") og Olafsen ("Nedenfor den nævnte Mands Huse laa --") dvs. eit stutt stykke S for elva, ein stad i nærleiken av huset på bnr. 64, 20-50 m S eller SO for fk. 1/1. Her var "Opdaget kul"? Fk. 1/4 - Langhaug av jord, "temmelig liden og firesidet". Låg truleg i nærleiken av fk. 1/3. Hellesett kiste der det låg eit tvieggja sverd eller spjut. Fk. 1/5 - Haug, bortrudd før 1884, i nærleiken av fk. 1/3 og fk. 1/4. Det var ein høg, toppa jordhaug med steinlag på botnen. På haugen låg ein bautastein, 2,2 m lang, som vart kasta i fjøra og knust. Ved foten av haugen vart funne ei øks frå mellomalder (B 4260). Fk. 1/6 - Haug, bortrudd før 1856, bygd vesentleg av jord i "c. 30's tvermaal" (10 m). Låg mellom dei to Fossedalselvane, truleg lengre frå sjøen enn 3-5, etter Olafsen "i sydvest for Husene", vel husa til Jørgen Utne. I haugen var klinkenaglar og restar av bordgangar, til dels store stykke. Båten hadde vore 20-24' (6-7 m) lang, sett parallelt med strandlina, dvs. om lag NV-SO. Nær eine skuten låge ei øks, ein bronsebolle låg nær midten, B 4266. "Paa samme mark laa 1 eller 2 andre røser, begge ryddede." Fk. 1/7-8. To røysar, begge bortrudde, omtala av Nicolaysen, Bendixen og Olafsen, som om dei låg framleis i 1860, og sidan har vore sporlaust borte. Det er mange stader som kunne høve for røysar på knausane ovanfor fk. 1/1 og fk. 1/2, likevel har dei truleg berre eksistert i litteraturen. Nicolaysen meiner truleg fk. 1/1 og fk. 1/3, stutt nemnde saman med langhaugen (fk. 1/4) og ein haug til. Einaste stadnamnet Nicolaysen nemner er Tingnes (meint for alle saman?), og i alle fall 1 låg på Tingnes. Det er mogleg at Bendixen har skjøna det slik, i så fall nemner han same røysane to gonger. Like vel skil Olafsen mellom fk. 1/1-3 og fk. 1/7-8, og har vel funne ein uviss tradisjon på garden (når han spurt seg føre?) ".. .. .. disse [fk. 1/7-8] mindes kun nogle faa" - fordi Bendixen var ute og spurte 20 år før?
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2007-11-22T15:31:34Z
    kommune
    • 4618
    kulturminneId
    • 112279
    antallEnkeltminner
    • 7
    lokalId
    • 112279
    lokalitetsart
    • 20109
    lokalitetskategori
    • L-ARK
    målemetode
    • 99
    versjonId
    • 20210217
    nøyaktighet
    • 500
    synlig
    • Ja
    vernetype
    • FJE
    vernedato
    • 1954-06-01T00:00:00Z
    vernelov
    • KML
    verneparagraf
    • 4 (Automatisk fredning)
    datafangstdato
    • 1954-06-01T00:00:00Z
    opprettet
    • 2007-11-22T15:31:34Z
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z