Grav på Eldushusegarden, like SV for tunet. Låg 6-7 m O for bekken, 11 m S for vegen til Mjølstølen. Her var før ein rygg langs bekken, og då den vart planert, vart grava funnen under 40-50 cm jord. Ho var bortimot 2 m lang NV-SO, 80-90 cm brei, 1 1/2 m djup, fyllt med stein som var høveleg stor til å ta med ei hand. På botnen var beinrestar, under der var kviksand. B 10803 kom fram medan arbeidet stod på, men ein veit ikkje korleis dei låg. - Eit par m O for grava var eit par m2 kolsvart jord.