Beskrivelse fra lokalitet:
Heller som låg 100 m vestafor setehuset i Tollkohedlaren ved gangevegen som førde inn mot Vatnedalen. Denne helleren var over 5 m brei og 3,5 m djup og hadde livdemur av torv. I nedre golvlag blei det funne jernslagg, truleg smieslagg. I øvre golvlag blei det funne hane til ei flintbørse, reiskapar til å støypa kuler med, eit knivblad, eit bein og fleire andre ting frå 1700-talet. Det var nok her, og ikkje under sjølve Tollkohedlar, at Salve Larsson Fidjeland blei fødd i 1793. Då var her støl under Fidjeland, før her blei gard. Unøyaktig lagd av på kartet. Området har stått under vatn sidan 1970.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Heller (ikkje sjølve Tollkohedlaren, men ein annan) som låg 100 m vest for setehuset på garden Tollkohedlaren langs gangstigen mot garden Vatnedalen. Han var 5 m brei og 3,5 m djup og hadde livdemur av torv. I nedre golvlag blei det funne slagg som kan ha vore frå jernutvinning i området. I øvre golvlag blei det funne ulike ting frå jakt på slutten av 1700-talet: Hanen til ei flintbørse, reiskapar til å støypa kuler med, eit knivblad, eit bein og fleire andre ting. Helleren er omtrentleg lagd av på kartet, då helleren har lege under vatn sidan 1970.