• 112623

    id
    • 112623
    navn
    • Vinnes - Fetts fk. 4/1, 4/3-23
    opphav
    • Universitetsmuseet i Bergen
    informasjon
    • Gravflokk på Skagatongen, no heilt rasert fråsett eitt enkelt punkt. W. F. K. Christie gjorde eit kroki i 1824 (eller 1825), Fett 1961 fig. s. 75, og teikna dei fem bautasteinane. N. Hertzberg gjorde i 1829 ei perspektivteikning av fire steinar; landskapet er sett frå O, men steinane frå S eller SSV, og "under" landskapet skimtar ein Skotåsen og det gamle Vinnestunet sett frå S. Røys 13 er og med, sett frå O. Han noterte og nokre mål, slik at ein sikkert kan identifisere steinane hos Christie og Stuwitz. I 1838 gjorde Peter Stuwitz på tiltak av J. Neumann ei grannsam skildring (vi har berre kladden) med nokre teikningar av bautasteinane og dessutan ei kartskisse. I. Ross registrerte i 1891, med ei kartskisse. Tangen er eit lågt nes med myr som lenge har vore under kultur. Krokiet og Stuwitz-skissa er ikkje grannsame, og stemmer ikkje heilt godt over eins, ikkje eingong I himmellei. Men Stuwitz brukte kompass, så hans nord er rett. Både Christie og Stuwitz gir ei mengd avstandar og mål i alner eller skritt, men Christies alenmål er visseleg for det meste på skjøn. Stuwitz derimot har skritta opp avstandar og målt steinane med tommestokk. Med støtte av Ross er difor dei store drag sikre. Eg fylgjer her Stuwitz, men Christie der noko vantar hos han. Skrittmål er omrekna 1 skritt = 1 alen, som nok er i overkant. Det høver best å gå ut frå bautasteinane som Christie har gitt nr. 1-5; anna har han ikkje gitt nr. Stuwitz gav fornminna bokstavar. Alle nr. etter Ross refererar seg til fornminnegruppa "syd for husene" o: gamletunet som låg på toppen der no meieriet er. St = Stuwitz, Chr = Christie. Fk. 4/1 - Bautastein, 28 skritt (17 m) NV for fk. 4/2. 1 3/4 alen (1,10 m) høg, 1 1/4 alen brei, 4" tjukk. Christie kallar han "den afstumpede". Breisida vende mot S. (Chr nr. 1, St bokst. 1). Teikningar: Christie 1824, Stuwitz 1838. Fk. 4/3 - Bautastein, 7 skritt (4 m) rett N for fk. 4/4. 2 alner 4" (1,50 m) høg, 1 1/4 alen brei, 4" tjukk. Christie kallar han "den krukkedannede": breiast på midten. Chr. nr. 3; St bokst. c, Hertzberg c). Teikningar: Christie 1824, Hertzberg 1829, Stuwitz 1838. Fk. 4/4 - Bautastein, 25 skritt (15 m) SV for fk. 4/2. 3 alner (1,90 m) høg, 1 1/4 alen brei, 17" tjukk. (Chr nr. 4, St bokst. b, Hertzberg b). Teikningar: Christie 1824, Hertzberg 1829, Stuwitz 1838. Fk. 4/5 - Bautastein, låg overende alt i 1824 og var borte i 1838. Han var 4 alner (2,50 m) lang og 3/4 alen brei. (Chr nr. 5, St bokst. f, Hertzberg d). Teikningar: Christie 1824, Hertzberg 1829. Steinane 3-5 teikna ein likesidet trekant og var "af eens Steenart, hvidlig finkornet." Fk. 4/6 - Grav, var 10-15 m NV for fk. 4/2, bygd av reiste heller, 1,70 x 0,60 m ca. N-S, 50 cm djup, dekt med fleire dekkheller. Overkant låg i plogdjup. I nordre ende låg ein stein til hovudpute, elles såg ein berre kvit, kalkliknande masse, truleg brende bein. Fk. 4/7 - Haug, 36 alner (22 m) NO for fk. 4/1. 60 alner rundmål (12 m i tvm.,) truleg den som Neumann seier i 1825 er utgraven "alt lige indtil Grav-Hvælvingen, der nu staar aaben." Om lag her heiter det no Skipet, og det fortelst at her stod to bautasteinar 15-20 m frå kvarandre i kvar sin ende av skipet. Det synest underleg at korkje Christie, Stuwitz eller Ross har nemnt desse. Stuwitz har ikkje haugen heller. Fk. 4/8 - Langhaug, 47 skritt (29 m) NV for fk. 4/2. 27 x 8 skritt (17 x 5 m, NV - SO), firkanta, med ein stein i kvart hyrne. Haugen var sterkt skadd alt i 1825. Hyrnesteinen som stod att i 1838, var 1 1/2 alen høg. Hyrnesteinen som Ross melder om, var etter Stuwitz berre ein stump. Der var elles stein opptil meir enn 1 alen store i haugen. Funn er ikkje kjent, men Ross melder om ein "kulrand". (St bokst. k, Ross nr. 3). Fk. 4/9 - Langhaug, 23 skritt (14 m) NV for fk. 4/4. 18 x 7 skritt (11 x 4 m) NV - SO, firkanta med stein i kvart hyrne. Forma var likevel noko elliptisk, slik at haugen var 12 skritt brei på midten. "Spor til en Steensætning" - dvs. fotkjede? - i austre ende. Hyrnesteinane var berre stumpar. (St bokst, e). Fk. 4/10 - Haug, "temmelig nær" fk. 4/8 på sørvestre side. 40 skritt i rundmål (8 m i tvm.) (St bokst. w.). Fk. 4/11 - Haug, tett ved fk. 4/8 og fk. 4/10, NV for fk. 4/10. 20-30 skritt i rundmål (4-5 m i tvm.) "Spor af Steenring". (St bokstav u). Fk. 4/12 - Haug, i linje med fk. 4/10-11, SO for fk. 4/10. Like stor som denne. (Ikkje med hos Chr, St bokst. X). Fk. 4/13 - "Skagarøyso", låg ut for Skagen, gode halvhundre m SV for løa på bnr. 2, 45 skritt (28 m) frå stranda i NV. Ein ser framleis ein låg kul 15 m i tvm., 1,5 m høg. Alt i 1825 var ho utkasta frå O til midten og jamnt med grunnen. Der var ingen serleg store steinar og inga kiste. (St. bokst. s, Ross nr. 1). Kart: Schreuder 16 D 3. Fk. 4/14 - Røys, låg oppe på Skagen, ein lang knaus NNV-SSO, nær sørenden. Var om lag 10 m i tvm. Her er f. sverd og øks om lag midt i røysa, visstnok kol og. Denne er ikkje nemnt før, og har vel då vore låg og overgrodd. Fk. 4/15 - Langrøys, om lag 50 alner (etter Christie-krokiet) S for fk. 4/13, bortkøyrd alt i 1824. Var etter Christie-krokiet 15-20 alner lang O - V, oval. Fk. 4/16 - Haug, SO for fk. 4/4, etter Christie 4 alner frå. 11 m i tvm., og "ganske lav". Her var f. nokre jarnklumpar. Ettergraven 1891 (I. Ross) utan funn. (St bokst. d, Ross nr. 4). Fk. 4/17 - Langhaug, tett NO for fk. 4/16. 16 x 18 skritt (9 x 5 m) NV - SO, oval. Utgraven 1891 (I. Ross) utan funn. (St bokst. g, Ross nr. 5). Fk. 4/18 - Haug, tett SO for fk. 4/17. 21 skritt rundmål (4 m i tvm.). (St bokst. h). Fk. 4/19 - Langhaug med vestre hyrne 21 skritt (13 m) beint SO for fk. 4/2. 17 x 8 skritt (10 x 5 m) NV - SO, firkanta med stumpar av stein i kvart hyrne. (St bokst. i) Fk. 4/20 - Haug, SO for austre ende på fk. 4/19. 27 alner i rundmål (5,5 m i tvm.). (Vantar hos Stuwitz). Fk. 4/21 - Langhaug med vestre ende N for fk. 4/2. 21 x 8 alner (13 x 5 m) VNV - OSO, firkanta, med ein stein i kvart hyrne. Nordre hyrne er framleis å sjå med hyrnesteinen 12 m NNO for fk. 4/2. 9 m av langsida og 3 m av kortsida. Ross kallar han "lav gravhaug i rombeform med 17 m lange sider". Rombeforma kan vere rett nok, for vinkelen er over 90 grader. Men det var og "vanskeleg at bestemme haugernes oprindelige udseende". Bnr. 2, 3 og 4 møtest på haugresten og der står no eit stort morelltre. (Vantar hos Stuwitz, Ross nr. 2). Fk. 4/22 - Haug, 30 alner (18 m) NNO for fk. 4/2. 26 alner i rundmål (5 m i tvm.). Denne låg på bnr. 3 med ein skalk på bnr. 4, 12-15 m N for stova på bnr. 2. Der er no ein kul i bakken. (Vantar hos Stuwitz). Fk. 4/23 - "Strutarøyso", i Struten like NO for stova på bnr. 36, 120 m OSO for fk. 4/2, halvhundre m frå sjøen, frampå ein terrassekant, Christie seier ho var 118 alner i rundmål og 40 alner i tvm., som begge gir ca. 24 m i tvm., men Stuwitz seier 140 skritt i rundmål; dette gir 28 m i tvm., som svarar meir til Ross og tradisjonen i dag: 30 m. Høgda var "henimod 3 m" eller 3-4 alner. Steinane var sers store, "nogle endog et Par Alen i enkelte Dimensioner". Sterkt skadd mellom 1838 og 1891. På botnen under søre del låg B 8633. (St. bokst. m, Ross nr. 6). Dei andre haugane hos Christie er fk. 5. Stuwitz dekker enn meir.
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2007-12-04T14:56:28Z
    kommune
    • 4624
    kulturminneId
    • 112623
    antallEnkeltminner
    • 22
    lokalId
    • 112623
    lokalitetsart
    • 20109
    lokalitetskategori
    • L-ARK
    målemetode
    • 99
    versjonId
    • 20210217
    nøyaktighet
    • 500
    synlig
    • Ja
    vernetype
    • UAV
    vernedato
    • 1891-06-01T00:00:00Z
    datafangstdato
    • 1900-01-01T00:00:00Z
    opprettet
    • 2007-12-04T14:56:28Z
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z