Nitroglycerincompagniets anlegg for sprengstoffproduksjon på Engene vart satt i drift i oktober 1876. Store deler av anlegget frå den tid er bevart. Det er også seinare utvidingar av bygningsmiljøet rundt sprengstoffabrikken. Sprengstoffproduksjon er ein viktig del av norsk industrihistorie. Sprengstoffabrikken har vore ein hjørnesteinsbedrift i Sætre og store delar av tettstaden har vekse fram på grunn av denne verksemda.