Fetts fk. 1/1 - Haug, må no vere heilt borte og har lege under sørveggen på stova. Tverrmålet om lag som fk. 1/3, høgda "syntes ikke at være over 4 Alen". Han var dekt med jord og grastorv. I haugen var ei kiste 7 1/2, alner om lag N-S, 3 alner brei (!?) og 1 alen høg,. bygd av kantsette heller som "indeni var som polerede". I kista låg saker heile og fine, men dei vart for det meste øydelagde og B520 - B525 er berre restar. Fetts fk. 1/2 - Haug, under nordaustre hyrne på stova, truleg like stor som fk. 1/3, men svært øydelagd før utgravinga 1920 (Haakon Shetelig). 4,40 m lang kiste NO-SV, 60-75 cm brei, av kantsette heller, då delvis helledekt, men kista hadde vore åpna før. Tilhøva viser at her er ei ubrend primærgrav og ei brend sekundærgrav i kista. B7145. Neumann melder utan heilt god kjelde at det i denne haugen var ei kiste N-S med gavlar og tak av heller, men "som Vægge, en Stok af l Alen Høide", som var flathogd på begge sider. Kista skulle ha vore om lag så stor som den i fk. 1/1. Der var krukker med oske i. Fetts fk. 1/3 - Haug, under løa like NNO for fk. 1/1, truleg 12-15 m i tvm.; noko skadd i kanten mot løa, elles urøyvd å sjå til, men Neumann melder om gravingar utan kjende funn. Haugen er delvis påfylt til låvebru. Bygd av grus og torv. Fetts fk. 1/4 - Haug, der flaggstonga står, like NNO for fk. 1/3, no nedflata og overdyrka. Denne er den nørdste haugen, som Neumann målte til 40 alner i rundmål (8 m i tvm.) og 1/2 alen i høgd. Her skal i søre side vere funne spjut og øks (eller berre sverd?) som no er bortkomne.