Beskrivelse fra lokalitet:
På Nesland blei nokre haugar som minna om gravhaugar, jamna ut då dei dyrka. Ei segn fortel at Neslandsmannen og Lilandsmannen fall ut om bytet mellom gardane sine. Ein gong stod dei oppe ved Kjempeknodden og trettast som bytet. Til slutt rauk dei i hop i slagsmål, og det ende med at dei begge ramla utfor eit bratt berg og slo seg i hel. Dei blei hauglagde på gardane sine. Var løeslåtte til 1960-åra.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
På Nesland blei nokre haugar som minna om gravhaugar, jamna ut då dei nydyrka. Ei segn fortel at Neslandsmannen og Lilandsmannen fall ut om bytet mellom gardane sine. Ein gong stod dei oppe ved Kjempeknodden og trettast om bytet. Til slutt rauk dei i hop i slagsmål, og det ende med at dei begge ramla utføre eit bratt berg og slo seg i hel. Dei blei hauglagde på gardane sine. Nesland var løeslåtte til 1960-åra, og der blei nydyrka på slutten.