Beskrivelse fra lokalitet:
Heller under steinblokk med teikn til livdemur, men golvet er urete. Segn: Då Svartedauden braut ut, budde det ein mann som heitte Torri eller Terje på Bergje. For ikkje å bli smitta, flytte han til denne helleren. Men maten minka. Så kom det ein vandringsmann forbi. Denne vandringsmannen hadde med seg mat; derfor bad Torri han inn under helleren. Men snart låg dei døde begge to. Vandringsmannen hadde smitta Torri. - Betre heller under fast fjell straks sønnafor.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Heller med teikn til livdemur under steinblokk, men golvet er urete. Segna seier at ein som heitte Torri eller Terje på Bergje, rømde til denne helleren for ikkje å bli smitta. Men maten minka. Så kom det ein vandringsmann som hadde med seg mat; derfor bad Torri han inn under helleren. Men snart låg dei døde begge to. Vandringsmannen hadde smitta Torri.