• 113833-1

    id
    • 113833-1
    navn
    • Steinestø - Lok. 1, Prestavegen
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    informasjon
    • Oppdatert 31.3.2011 fra utgravningen: Lokaliteten var noe omrotet. Det ble gjort tilsammen 1464 funn, dominerende råstoff var flint, med innslag av bl. a kvarts og kvartsitt. Et stort antall mikroflekker indikerer en senmesolittisk datering. // Frå registreringa: Det er tatt 7 prøvestikk på lokaliteten samt at det vart gjort funn i flata. Eit større område på lokaliteten var opptråkka og omrota av hestar slik at flinten låg i dagen. Det vart i alt gjort funn i 5 av prøvestikka, dei 2 funntomme prøvestikka er også definert som prøvestikk på lokalitet 2. Lokaliteten er avgrensa av prøvestikk, samt av elva i vest nordvest og av steingjerdet i sørvest som skil ryggen frå eit meir myrlendt område. Lokaliteten sin utstrekning kan vere frå 40 til 70 kvadratmeter. Lokaliteten har samanheng med lokalitet 2 som berre ligg 6 meter aust for lokalitet 1. Ut i frå fordelinga av prøvestikka (funnførande og funtomme) og topografien vart funnområdet definerte som to lokalitetar. Vegetasjonen består av grasmark som delvis er opptråkka av hest - då særskild i skråninga ned til grasmarka og elva. Elles veks det tett med buskar og kratt i den bratte skråninga ned mot elva i nordvest. Bak steingjerdet i sørvest veks det noko furu og lauvskog. Langs nordsida av ryggen veks det noko kratt og lauvtre. Stratigrafi: På grunn av at område var tråkka mykje opp av hestar og heilt eller delvis mangla torvlag vart all masse frå topp til botn sålda. Alle dei funnførande prøvestikka på lokaliteten hadde øvst eit lag med humushaldig brunsvart jord med innslag av sand - lag (a). Dette laget varierte frå 10 til 25 cm, prøvestikk 5 hadde berre dette laget før ein nådde berg. I prøvestikk 1 og 3 kom det under lag (a), eit lag med brun jord med innslag av sand, grus og stein. I prøvestikk 2 var det under lag (a) eit lag med brun sand og grushaldig jord. I prøvestikk 4 var det under lag (a) eit raudbrunt humushaldig sand og gruslag. I alle prøvestikka vart det gravd ned til berg, generelt førte all massen over berget funn. I 2001 vart lokaliteten utgrave av Bergen Museum, og sidan frigitt.
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2008-01-31T10:46:02Z
    kommune
    • 4601
    kulturminneId
    • 113833-1
    antallEnkeltminner
    • 1
    lokalId
    • 113833-1
    lokalitetsart
    • 20159
    lokalitetskategori
    • L-ARK
    målemetode
    • 99
    versjonId
    • 20210217
    nøyaktighet
    • 500
    synlig
    • Ja
    vernetype
    • FJE
    vernedato
    • 1999-07-23T00:00:00Z
    vernelov
    • KML
    verneparagraf
    • 4 (Automatisk fredning)
    opprinneligFunksjon
    • 1200
    datafangstdato
    • 1999-07-28T00:00:00Z
    opprettet
    • 2008-01-31T10:46:02Z
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z