• 113835-1

    id
    • 113835-1
    navn
    • Steinestø - Lok. 2, Prestavegen
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    informasjon
    • 31.3.11 fra utgravningen: Lokaliteten var noe omrotet. Det ble gjort tilsammen 397 funn, flint og bergart var de dominerende råstoffene. Lokaliteteten har trolig vært brukt i senmesolitikum. // Frå registreringa: Det er tatt 12 prøvestikk på lokaliteten samt at det vart gjort funn i flata. Eit større område av lokaliteten var opptråkka og omrota av hestar slik at flinten låg i dagen. Det var i alt gjort funn i 6 av prøvestikka, to av dei funntomme prøvestikka er også definert som prøvestikk på lokalitet 1. Lokaliteten er avgrensa av prøvestikk, samt av den bratte skråninga ned mot grasmarka i nord og aust. Lokaliteten sin utstrekning kan vere frå 35 til 80 kvadratmeter. Lokaliteten har samanheng med lokalitet 1 som berre ligg 6 meter vest for lokalitet 2. Ut i frå fordelinga av prøvestikk (funnførande og funntomme) og topografien vart funnområdet definert som to lokalitetar. Vegetasjonen består av grasmark som delvis er opptråkka av hest - då særskild i skråninga ned til grasmarka og elva. Elles veks det tett med buskar og kratt i den bratte skråninga ned mot elva i nordvest. Bak steingjerdet i sørvest veks det furu og lauvskog. Langs med nordsida av ryggen veks det noko kratt og lauvtre. Stratigrafi: På grunn av at område var mykje tråkka opp av hestar og heilt eller delvis mangla torvlag vart all masse frå topp til botn sålda. Alle dei funnførande prøvestikka på lokaliteten hadde øvst eit lag med humushaldig brunsvart jord med innslag av sand. Dette er det same som lag (a) på lokalitet 1. Laget varierte frå 7 til 20 cm, prøvestikk 5 og 6 hadde berre dette laget før ein nådde berg. I prøvestikk 1 kom det under lag (a), eit lag med raudbrun sand og grushaldig jord. I prøvestikk 2 var det under lag (a) eit brunt sandhaldig gruslag, dette laget inneheldt forvitra berg. I prøvestikk 3 forsatte lag (a) ned til berget men frå berget og 12 cm opp var det iblanda forvitra berg. I prøvestikk 4 var det under lag (a) eit gråbrunt jordblanda sand og grus lag med noko stein i. I alle prøvestikka vart det gravd ned til berg, generelt førte all massen over berget funn.
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2008-01-31T11:00:35Z
    kommune
    • 4601
    kulturminneId
    • 113835-1
    antallEnkeltminner
    • 1
    lokalId
    • 113835-1
    lokalitetsart
    • 20159
    lokalitetskategori
    • L-ARK
    målemetode
    • 99
    versjonId
    • 20210217
    nøyaktighet
    • 500
    synlig
    • Ja
    vernetype
    • FJE
    vernedato
    • 1999-07-28T00:00:00Z
    vernelov
    • KML
    verneparagraf
    • 4 (Automatisk fredning)
    opprinneligFunksjon
    • 1200
    datafangstdato
    • 1999-07-28T00:00:00Z
    opprettet
    • 2008-01-31T11:00:35Z
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z