31.3.11 fra utgravningen: Lokaliteten var svært omrotet. Det ble funnet tilsammen 94 funn, flint var det dominerende råstoffet. Lokaliteten har trolig vært i bruk i senmesolitikum. // Frå registreringa: Der er tatt 9 prøvestikk på lokaliteten, det vart i alt gjort funn i 3 av prøvestikka. Lokaliteten er avgrensa av prøvestikk, av skråninga ned mot grasmarka i nord og av steingjerdet i sør som markerar eit skilje mellom ryggen og eit våtare myrområde. Lokaliteten sin utstrekning kan vere frå 9 til 40 kvadratmeter. Lokaliteten kan ha samanheng med lokalitet 1 og 2 som ligg 70 meter nordvest for lokalitet 3. Flata var ikkje prega av hestetråkk men hadde i prøvestikka som på lokalitet 1 og 2 funn av glasskår, porselen og anna moderne avfall. Vegetasjonen består av gras og nokre lauvtre på flaten, elles veks det bak steingjerdet i sør furu og lauvskog. Langs nordsida av ryggen veks det noko kratt og lauvtre. Stratigrafi: Sjølv om tråkk av hest ikkje var synleg i marka på lokalitet 3 vart all massen under rotsona ned til botn sålda. I alle prøvestikka vart det gravd ned til berg, det var berre eit funn per prøvestikk, funna låg i den øvste delen av stikka. I alle stikka var det øvst eit humushaldig brun svart jordlag med innslag av sand (som lag (a) på lokalitetet 1 og 2). I prøvestikk 1 og 3 var det under dette eit brunt jordlag med innslag av grus før ein traff berg. Stratigrafien er skildra etter minne. Lokaliteten vart utgravd av Bergen Museum i 2001, og seinare frigitt.