Haug. Haugen var stor og med mykje stein i. Der var ei steinkiste med noko i. - Ei steinlegging låg spadedjupt S for haugen, frå terrassekanten og 15 m innover flata. Mogleg ligg det att ein rest langs kanten som no er, elles er alt gått i grustaket. Det var ei samanhangande brulegging av små og store steinar, dei største nedskorne i auren så overflata låg jamnt. Der var og noko kol og oske.