Heller. Oldsakene frå dei to hellerane på Ruskeneset har ikkje vore signerte og Shetelig nemner at "begge viser aldeles samme former og kulturpræg". Han har difor berre sjeldan sagt kor ein ting vart funnen. Det har nå vore prøvt å skilje funna frå dei to plassane, og det har lukkast langt på veg på grunnlag av oldsakskatalog, fotoarkiv og Shetelig 1920. Den trykte katalogen er noko forkorta i høve til den handskrevne. Funnsamandraget her nedanfor er etter katalogen, berre med eit par rettingar og tillegg etter publikasjonen. Serleg har det vore uråd heilt ut å skilje mellom funna under B 6824 og B 6864, men begge er frå heller 2. Dei kvarts (-skifer-) piler som ikkje er fotograferte, kan ikkje fordelast kvar på sin heller. Det er uvisst kva for heller fig. 82 a og b kjem frå, og det same gjeld alt avfall. Fk. 1/1. Heller som låg på gnr. 36 med helvta urørd etter vegbygg like etter 1900. Overhenget vart då bortsprengt og ein såg nokre oldsaker, men berre B 6786 kom til rette. Resten utgraven 1914 (Haakon Shetelig), og der f. B 6761, B 6786 og B 6914. Bilete: Shetelig og Brinkmann 1920 fig. s. 1-4, 9, pl. I-II. Helleren var 10 m lang, minst 5 m brei, høgda ukjend. Bålplass på ein avsats i fjellet. Kulturlag opp til 70 cm tjukt. Nedst låg eit tjukt stenalderslag, tydeleg skilt frå eit tynnt eldre -jarnalderslag ovanpå. I austre utkant låg beingrindar av tre gamle menneske.