Dette jarnvinneanlegget blei påvist under graving av tilkomstveg til eit av hyttetuna på Buhaugane. Jarnvinneanlegget låg på toppen av ryggen ut i myra, om lag 985 m o.h., og terrenget heller slakt nedover mot myra i sør og nord. Dei mest tydelege strukturane på lokaliteten er to ovale slagghaugar, som ligg parallelt med ein avstand på om lag 6,5 m. Det meste av aktiviteten på lokaliteten har skjedd i området mellom desse, og dei fleste strukturane blei også påvist her (mellom anna dei to omnane på lokaliteten). Eit stykke vest for dette området blei eit kollager påvist, medan ein røsteplass blei påvist aust på lokaliteten