Beskrivelse fra lokalitet:
Registrering i 2007: Gravd to sjakter, en (sjakt 1) på 24m og en på 14,5m (sjakt 2). I den NV delen av sjakt 1 ble det påvist seks kokgroper/ildsteder. Den ene av disse (S-2) er 14C-datert til 1350+/-80 BP. I området er det tidligere funnet spinnehjul og støpeformer til knapper (id 43969). I de to sjaktene ble det også påvist en del moderne forstyrrelser i form av dreneringsgrøfter.
Utgraving i 2010: Eit samla areal på ca 1200 m² blei undersøkt, fordelt på eit hovudfelt (Felt 1) og eit mindre felt (Felt 2). Det blei ved utgravinga i regi av Am / UiS i løpet av perioden 31. 05. – 25. 06. 2010 funne anleggsspor / strukturar og gjenstandar frå yngre romartid (150 – 400 e. Kr.), folkevandringstid (400 - 550 e. Kr.), merovingartid (550 – 800 e. Kr.) og etterreformatorisk tid (1537 e. Kr. – notid) på Felt 1. Det vesle Felt 2, lengst mot søraust innan undersøkingsområdet, var utan anleggsspor og gjenstandsfunn. Eit stort antal anleggsspor som stolpehol, groper, steinleggingar og eldstadar er tolka å tilhøyre eit grindbygd, treskipa langhus med to bruksfasar. Utforminga av langhuset, saman med funn av godt daterbare keramikkskår frå dekorerte, spannforma kar, tyder på at bygningane her var i bruk i yngre romartid - folkevandringstid. Det vart funne bevarte restar av treverk frå to av dei takberande stolpane frå langhusa. Desse stolperestane blei grave fram, gipsa inn og teke inn til Am for vidare utgraving og konservering. I tilknytning til ei grop som etter alt å døme har innehalde nedgravinga for ein takberande stolpe tilhøyrande eit av langhusa, blei det påvist fleire brente bein, deriblant fragment av kremerte menneskefingrar frå ein vaksen person, og ein mogleg amulettstein. Dette er tolka som restar frå ei enkel branngrav, ei grav som mest truleg er samstundes med eller frå like etter bruken av langhusa. I det slakt skrånande terrenget aust om langhusa, vart det funne 18 kokegroper. Dei låg i to klynger, ei i den nordaustlege delen av Felt 1 og ei noko lenger sør, ved kanten av eit myrdrag. Nokre av kokegropene i den sørlege klynga blei påvist allereie ved Rogaland fylkeskommune si registreringsgraving i 2007 (jf. Krøger 2007). Prøvemateriale av trekol frå ei av desse kokegropene vart då sendt til 14C – datering, og resultatet viser at kokegropa var i bruk i merovingartid. Lengst mot nordvest på Felt 1 fann ein to relativt like, steinsette grøfter med innslag av brent masse, jernfragment, slagg og gjenstandsfunn frå etterreformatorisk tid. Blant funna her var mellom anna nokre bitar frå kritpiper, eit fragment av ein nøkkel av jern og ein bronseknapp med Kong Christian 7. av Danmark – Norge (konge i perioden 1766 – 1808) sitt monogram. Det er blitt sendt inn to prøver til 14C – datering frå den arkeologiske undersøkinga. Prøva med trekol frå sentraleldstadområdet innan langhusa stammar frå yngre romartid og den første delen av folkevandringstida (329 - 435 / 1655+/-25 BP), medan prøva med bevart treverk frå ein takberande stolpe viser at det aktuelle treet vart hogd i yngre romartid (211-350 / 1765+/- 25 BP).
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Bosetningsspor i form av seks kokegroper/ildsteder. S-2 14C-datert