I 1964 blei eit mogleg gravfelt påvist av grunneigaren på gnr. 40/3, i samband med at det blei planlagt å anlegge campingplass i området. Området blei synfart ved to høve av Anne Stine Ingstad og Charlotte Blindheim. Det blei prøvestukke i fleire av haugane, og enkelte stader blei det funne trekol. Det blei ikkje trekt konklusjonar om korvidt dette var gravhaugar eller naturdanninger (innberetning ved Anne Stine Ingstad datert 02.06.1965). Ved synfaringa den 22.04.2008 blei to av haugane påvist inne på campingområdet. Dei andre er truleg fjerna av dyrking og plannering av campingplassen. Ein kan likevel ikkje utelukke at det er fleire tilsvarande haugar i nærleiken, inne mellom campingvogner og spikertelt. Dei to hagane ligg 2,5 m frå kvarandre, og er runde/ovale, med diameter mellom 3 og 4 meter. Høgda på haugane er i overkant av 0,5 meter. Haugane verkar å vere jordblanda steinrøyser (neve- til hovudstor rundkamp). Haugane er tilvakse med lyng og gras.