Steinkvelvbru, bygd i 1922 ifølgje innhogd årstal i ein stabbestein i enden av brua. Brua er rundt 30 m lang, 4 m brei og rundt 5,5 m høg. Ho har smijernsrekkverk. Ljosvidda er rundt 17,5 m. I det vestre brukaret er det murt ei 0,9 x 1 m "stikkrenne" etter pålegg frå forsvaret, der forsvaret skulle underminere brua for å sprenge henne under ein krig. Brua er ikkje i bruk lenger. Den eldre brua låg rundt 10 m lenger oppe. Den nåverande brua ligg rundt 70 m lenger nede.