Det vart påvist 24 sikre førhistoriske strukturar ved utgravinga, samt 6 usikre. Strukturane er av ulik utforming og storleik, og med ulike funksjonar. Gravfeltet har hatt stor variasjon i gravutforming, frå store spektakulære gravrøyser til mindre graver. Til saman 6 strukturar er definert som graver. Ein av desse inneheld to gravleggingar (struktur 6). Det vart påvist 7 sikre eldstadar/kokegroper, og fleire av desse kan knytast til gravminna. Vidare vart det undersøkt 4 sikre stolpehol. Det er også undersøkt siltfylte groper (3), steinpakningar (3) og ein halvsirkelforma hellelegging som ikkje direkte kan funksjonsbestemmast. Heile gravfeltet var dekka av åkerjord, noko som har teke vare på detaljar ved gravanlegga som tidlegare ikkje er kjent.