• 116210

    id
    • 116210
    navn
    • Jakobsgarden
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    informasjon
    • Ved registreringa vart det opna seks sjakter. Dei varierte i lengde frå 15 til 81 meter og hadde ei total lengd på 324 m. Det vart gjort funn av automatisk freda kulturminne i sjakt 2b og 3. Ut frå registreringane kunne det skiljast ut eit konfliktområde på 30 x 20 m. Ved utgravinga vart det greve tre felt i den vestlege delen av planområdet, i tillegg til ei profilsjakt. Profilsjakta vart greven i skråningen opp mot tunet i søraustre del av planområdet. Felta vart kalla felt I, felt II og felt III. Felta og sjakta inngjekk i det same lokale målesystemet, orientert ut frå to lokale fastpunkt innmålt med målband i samband med to hus i nærleiken. Felt I låg heilt sør i reguleringsplanområdet, ned mot riksvegen. Dette feltet målte 131 kvm. Det vart ikkje funne strukturar av førhistorisk karakter i dette feltet. Felt II låg nord for felt I. Dette feltet målte 365 kvm, og inneheldt 7 strukturar av førhistorisk karakter. Felt III låg like nord for felt II. Dette feltet målte 104 kvm og inneheldt 2 strukturar av førhistorisk karakter. Flateavdekkingen viste at me er i utkanten av eit førhistorisk busetningsområde, med eldstadar og kokegroper. Ei stor kokegrop er datert til overgangen eldre/yngre bronsealder. Det kan ikkje utelukkast at dei andre strukturane kan vera frå andre periodar. Dyrkingshorisonten viser at området har hatt tidleg dyrking. Allereie i mellomneolitikum er det påvist pollenkorn av bygg. Ved utgravingstidspunktet var dette den eldste daterte jordbrukskonteksten i Sogn og Fjordane. Undersøkingane gjev innblikk i skiftande bruk av jorda og praktisering av ulike driftsformer over ein periode på over 4000 år. I seinneolitikum/tidleg bronsealder er det truleg snakk om eit ekstensivt jordbruk med hovudvekta lagt på husdyrhald. Jordareal vert rydda til korndyrking, men også for bruk som beitemark. Perioden frå midten av bronsealderen til slutten av romartid skjer det store endringar, og jordbruket blir intensivert.
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2008-06-16T21:43:42Z
    kommune
    • 4640
    kulturminneId
    • 116210
    antallEnkeltminner
    • 12
    lokalId
    • 116210
    lokalitetsart
    • 20159
    lokalitetskategori
    • L-ARK
    versjonId
    • 20210217
    synlig
    • Ja
    vernetype
    • FJE
    vernedato
    • 2000-07-07T00:00:00Z
    vernelov
    • KML
    verneparagraf
    • 4 (Automatisk fredning)
    datafangstdato
    • 1999-11-15T00:00:00Z
    opprettet
    • 2008-06-16T21:43:42Z
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z