Beskrivelse fra lokalitet:
Det vart opna 2 sjakter i planområdet. Her vart registrert 1 struktur som må oppfattast som spor etter førhistorisk bruk av omårdet. Det dreiar seg om ei kokegrop som erfaringsmessig kan daterast til jarnalderen. Registreringa vart gjort i form av maskinell flateavdekking. Dei to sjaktene heldt seg godt unna områda med kablar/røyrleidningar. Dei dekker ein representativ del av planområdet. Sjakt 1 låg om lag 20 m vest for Gjertrudbakken og parallellt med vegen. Ho er om lag 3,5 m brei og 14 m lang, og ligg i retning NA-SV. Matjordlaget var om lag 45-50 cm tjukt i nordvest, men vert tynnare lenger sør. Undergrunnen inneheldt lys brunleg til dels grov grus og sand. Det er også store mengder store steinar i og i toppen av undergrunnen. Det vart registrert 1 aneleggsspor i sjakt 1 (S1). Sjakt 2 låg om lag 14 m vest for sjakt 1 og parallellt med denne. Ho var om lag 3 m brei og 29 m lang, og låg i retning NA-SV. Matjordlaget er om lag som sjakt 1, men ikkje fullt så kraftig i den nordlege delen. Undergrunnen er også som i sjakt 1. Det vart registrert eit mogleg aneleggsspor i sjakt 2. Denne vart avskreven ved snitting, mellom anna grunna funn av teglstein og moderne keramikk.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Struktur 1 låg i sjakt 1. Det var eit sirkulært fyllskift av brun/svart kol- og humushaldig sandjord. Det er mykje nevestore stein i overflata, og nokre ber preg av å vera varmepåverka. Storleik vart målt til 76 x 80 cm og djupne til 50 cm.