• 116273-1

    id
    • 116273-1
    navn
    • Kyrkjegarden / Skjelett
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    informasjon
    • Våren 1947 byrja dei NV for låven å grava etter sand. Då støytte dei på ein liten ufullstendig klebersteinskross, som låg under torva. Under dette igjen låg det ei rekke skjelettrestar, tildels godt ivaretekne, som låg på ei helle, 1,5 m lang og 0,75 m brei. Hella var ikkje bearbeida. På sørsida av hella var det sett eit par mindre heller, truleg som kant. Då Wencke Slomann kom til, var alt dette fjerna. Det skulle i alt ha vore 8 hovudskallar som låg på og ved hella. Dessutan andre bein, men det meste må vera smuldra opp, for då Slomann kom til var det berre restar av to, kan hende tre, skallar. I tillegg var nokre rørknoklar.Dessutan låg det ein skalle in situ i jordveggen, og ein kunne sjå tydeleg kvar ein annan hadde sete (skalle 1 - den som var fjerna, og skalle 3). Dei hadde lege ca 0,75 m under den noverande overflata. Det har vore åker der og pløydd i mange år, så truleg har ein del jord blitt pløydd vekk. Skallane låg i vestsida av grava, som strekte seg vest-aust. Noko tydeleg avgrensing i aust kunne ikkje sjåast, heller ikkje i vest, men der skulle det ha stått ei helle litt lenger syd enn der skallane låg. Mellom skalle 1 og 3 og litt høgre vart det funne enno ein skalle, og mellom den og skalle 3 låg ein røyrknokkel på skrå av lengderetninga på grava. Den låg nesten litt under skalle 3. Litt lenger aust låg skalle 4, og til den høyrer truleg røyrknoklane som er pakka saman med den. Dei låg aust for den i same djupn. Ca 15 cm over det fyrste paret med røyrknoklar låg ein del tenner og der var også spor etter bein, utan at noko anna enn tennene kunne takast opp. Truleg var det restar etter ein skalle 5. Det vart gravd ca 0,5 lenger mot nord, men det vart ikkje funne spor etter fleire skjelett. På og ved denne hella, under krossen, skulle det så i alt vere funne restar av ca 13 skjelett. Dei låg så nær kvarandre at det må vera ei massegrav. Krossen er så fragmentarisk at det ikkje kan daterast. Grava var kristen, og er laga før 1544.
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2008-06-22T21:41:50Z
    kommune
    • 4640
    kulturminneId
    • 116273-1
    antallEnkeltminner
    • 1
    lokalId
    • 116273-1
    lokalitetsart
    • 20109
    lokalitetskategori
    • L-ARK
    målemetode
    • 82
    versjonId
    • 20210217
    nøyaktighet
    • 500
    synlig
    • Ja
    vernetype
    • UAV
    vernedato
    • 1947-05-27T00:00:00Z
    opprinneligFunksjon
    • 1700
    datafangstdato
    • 1947-05-27T00:00:00Z
    opprettet
    • 2008-06-22T21:41:50Z
    oppdateringsdato
    • 2020-10-14T15:03:40Z