Ved registreringa vart det gravd seks 4 - 59 m lange og 2,5-3 m breie sjakter, namngjevne A-F. Forutan sjakt A vart undersøkinga i hovudsak konsentrert om ei terrasseflate som ligg under garden Henjum, der dei resterande sjaktene vart lagt ut. I sjakt C-F vart det avdekka førhistoriske kulturspor i form av stolpehol, fleire eldstadar og kokegroper, samt eit par strukturar med uviss funksjon. Datering av eit stolpehol (E3) til 40-410 e.Kr og ein eldstad (C3) til 330-620 e. Kr), indikerar at terrassen var i bruk i yngre romartid/folkevandringstid. Utgravinga føregjekk ved flateavdekking, der torva og matjorda vart skrapt vekk med gravemaskin. Utgravningsfeltet vart deretter manuelt rensa opp for å få fram spor etter eventuelle anlegg som kan teikna seg i undergrunnen. Avdekkinga vart konsentrert til flata mellom sjaktene C-F, der matjorda på nesten heile terrassen vart fjerna. Feltet fylgde den trekanta forma til terrassen, og resulterte i eit avdekka område med utstrekning på ca 60 m langs terrassekanten i sør og ca 45 m langs eit gamalt bekkeleie i aust. Frå nordaustre hjørne fylgde profilkanten botnen av skråningen bakanfor, og smalna inn mot den knappe 15 m breie avgrensingen i vest. I tillegg vart det også opna eit mindre område på flata lenger aust ved registreringssjakt B, men her vart ikkje påvist førhistoriske anleggsspor.