Grand Hotel Terminus vart bygt som eit førsteklasses turisthotell i åra 1925-28 og teikna av arkitektane Fredrik Arnesen og Arthur Darre Kaarbø. Bygningen har sju etasjar. Alle berande konstruksjonar og etasjeskilje er utførte i jernbetong, medan fasadane er i pussa murverk. Arkitekturen, både ut- og innvendes, er prega av 1920-åras lette og elegante nyklassisisme. Detaljar som dører, vindauge. listverk og paneling er teikna av arkitektane spesielt for denne bygningen. Handverkskvaliteten er svært høg. Hotellet sameiner formspråk og funksjon på eit vis som gjer han til ein viktig representant for si tid. Han er i sjeldan grad bevart som ein arkitektonisk heilskap ned til minste detalj.