Lengst oppe, lengst nordaust, ligg det tufter etter uthus og setehus utan kjellar som anten er etter det andre bruket (Røyseland hadde to bnr.) eller er etter det aller eldste tunet. Der var nok vêrhardt der oppe då det ikkje voks skog så høgt oppe. Lengst nede, lengst søraust, ligg det tufter etter både uthus, gamalt setehus og nyare setehus, alle med kjellar. Det nyare setehuset brann ned i 1946 under ein mordbrann. Sidan har her aldri budd folk. Innmarka blei slegen av brørne Barstad fram til fyrstninga av 1950-åra. Elles i innmarka ligg det andre tufter og eit jordeplehus. I innmarka ligg det mange dyrkingsrøyser. I 2016 blei her bygd ei fritidshytte for grunneigaren på Gysland i Hægebostad sokn som har kjøpt Røyseland i Konsmo sokn som tilleggsjord.