• 119380-1

    id
    • 119380-1
    navn
    • Sandviksboder 78b - Holmefjordboden
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    informasjon
    • Beskrivelse fra lokalitet: Sandviksbodene 78 B, også kalla Holmefjordboden, er ein sjøbod oppført i eller kort før 1804 av bergenskjøpmannen Johan Ernst Mowinckel. Boden tente som lager for varene han handla med: eksport av tørrfisk og andre fiskeprodukt, og import av m.a. korn og kolonialvarer. Bygningen var i bruk som tørrfiskbod heilt til 2002, som den aller siste sjøboden i Bergen. Boden har tre etasjar og valmtak og er ein lafte- og stolpeverkskonstruksjon kledd med liggande, kvitmåla panel. Opphavleg var boden innvendig delt opp i lafta lagerrom med svalgangar utanfor, men dei indre veggene er for ein stor del fjerna på første del av 1900-talet og erstatta med stolper og dragarar slik at det er danna store, opne rom. Den noverande takforma er frå 1950-åra. Bygningen er blant dei aller største av dei bevarte sjøbodane i Bergen og er samstundes representativ for desse, både i den opphavlege utforminga og med dei endringane som er gjort seinare. Beskrivelse fra Enkeltminne: Boden har tre etasjar og valmtak og er ein lafte- og stolpeverkskonstruksjon kledd med liggande, kvitmåla panel. Sjøen går heilt inntil bygningen på den eine langsida. Her er ei rekkje portar til å ta inn varer, og to vindearker. På to av dei andre sidene er det lågare tilbygg med pulttak. Opphavleg var boden innvendig delt opp i lafta lagerrom med svalgangar utanfor, men dei indre veggene er for ein stor del fjerna på første del av 1900-talet og erstatta med stolper og dragarar slik at det er danna store, opne rom. Den noverande takforma er frå 1950-åra.
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2008-11-06T15:30:53Z
    kommune
    • 4601
    kulturminneId
    • 119380-1
    antallEnkeltminner
    • 1
    lokalId
    • 119380-1
    lokalitetsart
    • 20124
    lokalitetskategori
    • L-BVF
    versjonId
    • 20210217
    synlig
    • Ja
    vernetype
    • VED
    vernedato
    • 2017-05-29T00:00:00Z
    vernelov
    • KML
    verneparagraf
    • 15 (Fredning av bygninger, anlegg m.v. fra nyere tid)
    opprinneligFunksjon
    • 1900
    datafangstdato
    • 2008-11-06T00:00:00Z
    opprettet
    • 2008-11-06T15:30:53Z
    oppdateringsdato
    • 2022-02-17T02:08:30Z