Røysa er avlang og oval i form. Ho er laga av steinar i noko varierande storleik men "mellomstore" steinar dominerer. Røysa er forholdsvis flat på toppen og brei på midten. Det at røysa ligg nede i ei ur "dump" og i nær tilknytning til dyrka mark, tyder på at dette er en rydningsrøys. Det er nett nok veldig godt utsyn på røysa, mot S, noko som kan argumentere for at det er ei gravrøys. Eg finn det mest truleg at det er ei rydningsrøys. Mål: lengde: Ø - V: 8,50 m. Breidde: N - S: 3,80 meter. Høgde: ca 0,50 - 0,60 m.