Huset har eit rektangulært omriss og grunnmuren er delt i to (to rom). I nord går muren i eitt med bakken, delvis óg i søraust. Rommet i vest har hatt kjellar og ein mur har skjult dei to romma (øst og vest). Det austlege rommet har ikkje kjeller, er fyllt att/ går i ett med bakken. Den nordlege muren har rasa ned i kjellerrommet. Det ligg ellers nokre steinar inni det austlege rommet. Det vestlege rommet (kjellaren) har hatt dør/opning i sør - det kan vere at dette er eit fjøs og at kjellaren er gjødselkjellar. Det ligg diverse bygningsmateriale rundt murer og dør i sørvest og noko tømmer i nordaust. Vidare er det meir tømmer (frå lafta bygning) nær dei to husa i nord - har vore frå den nedrasa bygningen. Mål: Lengde: Ø - V: 10,46 meter. Skiljemur: 5,45 - 6 meter. Murene er vel ein 1/2 meter tykk(?). Breidde: 6,0 meter.