Tufta syner som ein nærast oval ring, markert delvis som ei rad med steinar - eller ein svært låg steingard, og delvis (mot NV) som ein svak jordvoll, ca. 1 m breid. Mot S dannar tufta eitt hjørna. Her ligg ein større stein oppå ein jordfast. Elles er det mest lyftestore steinar. I den svake jordvollen mot NV stikk det fram nokre mindre steinar. Mål: Ca. 10 m SA-NV, 7 m NA-SV, utvendige mål. Breidda på steinrada er frå 0,5 - 1m. Høgdeforskjelen er 70-80 cm, med fall mot NV. Men det ser ut som tufta er utplanert litt. Inne i tufta ingen synleg stein. Litt ujamnt, med 2-3 mosetuer. "Anneks": VNV for den ovale tufta syner ei mindre, rektangular tuft. Ho ligg lågare nede, der lendet er brattare, og er utplanert i bakken. Omlag 30 cm nedgraven i ASA-re kant, og tilsvarande oppfylt i VNV-re. Mål: Knapt 6 m SSV-NNA, ca. 4 m ASA-VNV. Same vegetasjon som i den ovale tufta. Merknad. Omlag 3,5 km lenger vest, på dei vide slettene ved Skarvanstølen, ligg ogso ei langrund tuft, markert ved ein låg jordvoll. Denne er litt større enn "Reinsgjerda". Ho er registrert av U.O. 19. juli 1978, R6 - Flyfoto RAF70560112. Sjå elles om tufta på Brendebu, feltreg. nr.6, og tuftene i Hollo, feltreg. nr. 11.