Omrisset av tufti syner nærast som ein låg, nedrasa steingard, med opning ned frå nordre enden. Sjå skissa. Utvendige mål: Ca. 6 m NNA-SSV, ca. 4 m VNV-ASA. Frå B til D er det stort sett kantståande hellesteinar. Fra NA-re hjørna går ein vange på velså 1 m ut til B, og frå V-sida ein liknande ut frå C. Ved C og D er mest stein opphopa. Ved C er høgda omlag 60 cm. Ved D er det tydeleg at anlegget har vore skipla noko i nyare tid. Truleg har det her vore laga ein kaffevarme. Det ligg eit flaskeskår her. Ved E ser det ut som bakken er litt nedgraven. Det ser litt magrare ut der. Elles er vegetasjonen både inne i og utanfor tufti mest gras og starrarter. Ved C låg 3 kvartsittstykker som er tekne vare på. (Foto). Høgdeforskjelen frå A til B er knapt 1 m - etter augemål. Merknader: Tufti ligg i reinsterreng, so høgt at det er svært lite beitedyr frå stølane som går der. Berre noko sau går i denne sida av Hestebotnen, som vender mot soli og har noko vegetasjon. Tidlegare vart stundom hestane sette opp her, for kortare tid. Truleg kjem namnet av dette. Men det er utenkeleg at tufti kan skrive seg frå nokon form for gjetarbu. Tufti har ikkje vore kjend og omtala av jegerar og stølsfolk i manns minne, før ho vart oppdaga i 1981. Befaring 13.08.1987: Levningen forble et mysterium m.h.t. datering og funksjon. En ca. 0,5 m lang trelist med rektangulært tverrsnitt og islått pappstifter av jern, med rester av tekstil ble innsamlet, likeså skår av grønt flaskeglass.