Beskrivelse fra lokalitet:
Lafta bu av rundtømmer, med årstalet 1585 skore inn over døra. Bua utgjer sørenden av eit samanbygd nordhordlandshus, som elles består av gang, lemstove frå 1830, kjøkken og to kammers frå 1852. Stod opphavleg på garden Litleoksa i Lindås i Nordhordland, gjenreist på Hordamuseet i Fana i Bergen i 1995.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Det tidlegare freda huset er ei bu med lem, 4,4 x 4,4 m i grunnflate. Flatboga inngangsdør med høvelprofil langs opninga, over døra årstalet 1585, som sannsynlegvis viser til byggeåret. Bua vart flytta og gjenoppført ca. 1830, då troleg påbygd nokre omfar. Iallfall etter flyttinga var bua del av eit samanbygd hus av karakteristisk Nordhordlandstype, med kove, bu, stove, kjøkken og svalar under eitt tak.
Beskrivelse fra Bygg:
Det freda huset er ei bu med lem, 4,4 x 4,4 m i grunnflate. Flatboga inngangsdør med høvelprofil langs opninga, over døra årstalet 1585, som sannsynlegvis viser til byggeåret. Bua vart flytta og gjenoppført ca. 1830, då troleg påbygd nokre omfar. Iallfall etter flyttinga var bua del av eit samanbygd hus av karakteristisk Nordhordlandstype, med kove, bu, stove, kjøkken og svalar under eitt tak.