På jordet mellom veien og steingarden mot elva har det vore ei fangstgrav for ulv. Den er ikkje synleg no, men for nokre år sia pløyde dei opp stokkar av den under pløyinga. I eit skriv 21/6-1740 står det: Lars Olsen Sata bygde ulvestugu av tømmer like ved garden. (Lars f. ca. 1690, dømt til livsvaring fengsel 1728). Ola Håkonsen Sata f. 1849 hugsa at denne grava var i bruk fram til 1864-65 då dei jaga ulven.