Hjellens Notbøteri består av to notbøteri, eit eldre og eit yngre, eit stort notheng som følgjer rundt odden på tre sider, eit større båthus og to hybelhus der det eine vert freda. Dei to notbøteria er begge forholdsvis store trebygningar i to etasjar med loft over. Dei er satt opp i bindingsverk og kledd med horisontalt panel. Husa står på pålar delvis ut i vatnet, og dei har begge saltak tekt med bølgjeblekk. Eit mura fyrhus med dampkjele er knytt til det eldste notbøteriet. Sjølve det store nothenget er eit 126 m langt kaianlegg med ein imponerande stolpekonstruksjon mellom søre og nordre notbøteri. Eit barkekar er integrert i golvet i nothenget. Nothenget har saltak tekt med bølgjeblekk.