Tufta er rektangulær, lenderetning A-V. Noko nedsenka i lendet - ca. 20 cm i V-re ende, ca. 60 cm i A-re. (Målt inne i tufta som nivået er i dag.) Tufta er mura, med jordfylte murar der desse ligg over bakken. Den nedsenka delen har truleg berre støttemurar mot bakken. Inngang i V-re halvpart av S-re langside. I SA-re hjørna er det ein innvendig mur, innafor A-re tverrvegg, som kan likne på ein slags peis. Dette ser nyare ut. Det syner ingen steinopphopning etter nedrasa skorstein. Tufta kan ha vore delt i 2 rom (A-re og V-re), men har ikkje nokon overtydande tegn på det. Det ligg ein del nedrasa stein inne i tufta. Ytre mål: 7 m A-V, 4,7 m N-S. Murane er 70-75 cm tjukke. 5 m A for A-re kant av tufta viser ei rektangulær grop, 3 m N-S, 2 m A-V, målt i øvre kant. I botnen er måla ca. 2,3 x 1,2 m. Djup 70 cm. Inngang (nedgang) frå S, i SV-re hjørna. Det er ikkje funne kol i torva.