Osvika ligg på sørsida av Tafjorden, som det nest austlegaste av dei fire gardsbruka på denne sida av fjorden. Truleg har det vore gardsdrift i Osvika heilt tilbake til 1500-talet.
I periodar har det budd to familiar på garden. Under andre verdskrigen kunne det vere opp til 50 personar som heldt til her samstundes. Og så seint som i 1942 vart det sådd både kveite, bygg og havre i Osvika.
Like fullt; det var på nordsida av fjorden at utviklinga fann stad. Her låg skulen, butikken og ungdomshuset. Hit kom elektrisiteten, og her vart det bygd kai for rutebåten.
Så etter andre verdskrigen gjekk det snøgt nedover med gardsdrift og busetnad både i Osvika og på nabogardane. Dei siste som dreiv hovudbruket i Osvika for fullt, var Klara og Johannes Osvik. Johannes døydde i 1936, Klara i 1952.