• 120664-1

    id
    • 120664-1
    navn
    • Reinsbottane - Å232
    opphav
    • Buskerud fylkeskommune
    informasjon
    • Tufta er rektangulær, 2-delt, og har retning NV-SA. Inngraven noko i bakken mot V, særleg den NV-lege enden, som ser ut til å vera sjølve bua. Den SA-lege enden ser ut som eit slag for-rom, med låge murar, til dels berre som ei steinrast. Her har det mogeleg vore overbygg av treverk, ogso i 2 av veggene. Utvendig mål på heile tufta ca. 9 x 4 m. Den NV-lege delen, bua, har innvendige mål 4,4 x 2,5 m. Murbreidde ca. 0,8 m. Murhøgde i dag, i sidene mot bakken 0,9 - 1,2 m. Dei andra murane er sterkt nedrasa. Nokre av steinane i murane er på ca. 1,0 x 0,5 x 0,4 m. Elles er det mindre stein, og truleg jordfyite murar i ytre vega;, mot NA. I NV-re ende av romet er frådelt med smal, enkel mur eit kammer på ca. 1,0 - 1,1 m, inn til stor framspringande stein i V-re hjørna. Neppe eldstad. Inngangen er frå SA - frå "forromet". Den SA-lege delen, "forromet" har innvendige mål 2,7 m NV-SA, og 2,5 m andre vegen. Inngang frå NA, nær deleveggen. Det synest lite rimeleg at det på tufta har stade eit seterhus. Staden ligg 1370 m.o.h. - heilt i utkanten av det ein kan kalle beitemark for buskap, og det finst ingen tradisjon om støl der. Rett nok fortel Sigvat Medgard, som har påvist tufta, at den tid far hans var gjetslegut, omkring 1890, brukte oppsitarane på Hellebu å gjæte buskapane sine her oppe ein gong i blant. På Hellebu var det den tida svært mykje krøter, og utkantane måtte utnyttast. Dersom det har vore seterhus her, må det ha vore ein "avlast- ningsstøl" (ein framstøl) slik dette ei tid vart brukt ved Versjøen. Sjølve plasseringa av tufta talar heller ikkje for at her har vore stølshus. Staden ligg nærast på skuggesida, med snøfenner like ovanfor, enda det er fleire langt venlegare plassar i denne fjellbotnen . Det ligg nærare å sjå denne lokaliteten i samband med jakt og fangst, noko som namnet Reinsbottane ogso talar for. Og det er tidlegare registrert fangstgraver nær ved. Sjå A. 70.
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2008-12-02T12:17:23Z
    kommune
    • 3328
    kulturminneId
    • 120664-1
    antallEnkeltminner
    • 1
    lokalId
    • 120664-1
    lokalitetsart
    • 20159
    lokalitetskategori
    • L-ARK
    målemetode
    • 63
    versjonId
    • 20210217
    nøyaktighet
    • 1000
    synlig
    • Ja
    vernetype
    • UAV
    vernedato
    • 1990-07-21T00:00:00Z
    opprinneligFunksjon
    • 9900
    datafangstdato
    • 1990-07-21T00:00:00Z
    opprettet
    • 2008-12-02T12:17:23Z
    oppdateringsdato
    • 2024-01-06T13:37:05Z