Omlag 60 m lang. Denne korte parsellen deler seg i ein djup bekkedal. Den søre greina går bratt opp bakken mot vest og kryssar skiftegarden mot Krosshaug, som er ein av hovudgardane i grenda. Den nordre greina endar ved skiftegarden, der det er ei fylling i dalen, truleg av nyare veg.