Beskrivelse fra lokalitet:
WP 150, Torvgarde. Det er registrert ei rekkje kulturminne i dette området, både frå førhistorisk tid og nyare tid. Kulturminna er knytt til framstilling av trekol, dyrking, støling, ferdsel, m.v. Eit karakteristisk trekk ved Longelii er det omfattande systemet med torvgardar.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
WP 150 Torvgarde. Torvgarden startar i bratthenget opp frå gjølet i Fosselva ved Moldbakken i A og strekker seg heilt til grensa mot Steine i V. Opp til 1 meter høgt og om lag 1 meter breidt. Noko breiare der det har rasa meir ut. Grøfta fylgjer stort sett N sida av torvgarden. Det er eit svært omfattande system med torvgardar som strekker seg over ei strekning på om lag 1,5 km. Torvgarden dannar byte mot Rosseland i S. Det går fleire paralelle torvgardar i området, som tyder på endring av gardsgrensene opp gjennom tida.