Beskrivelse fra lokalitet:
WP 243 Tuft. Det er registrert ei rekkje kulturminne i dette området, både frå førhistorisk tid og nyare tid. Kulturminna er knytt til framstilling av trekol, dyrking, støling, busetnad med gravminner, m.v.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
WP 243 Tuft. Tufta er 5 x 4 meter. Stein er synleg i veggvollane. Det kan vera fleire tufter på staden. Overgrodd med gras og lyng. Opp til 20 cm høge murar. Tufta ligg på ein kolle like N for traktorvegen, på vestsida av vassanlegget nedstraums Forsetefossen. I fylgje skriv av Jon O. Tjosås i frå 1975 skal det vera tufter etter tre sel på Forset, her er gode beiter og stølen hadde vore i bruk i lang tid.