Beskrivelse fra lokalitet:
WP 091 Ruin. Det er registrert ei rekkje kulturminne inne på stølsvollane på Nystøl og Fagrasete, samt i området mellom desse. På Nystøl er det ståande stølshus, medan Fagrasete er ein nedlagd støl. Dei registrerte kulturminna skriv seg både frå førhistorisk tid og nyare tid. Det er registrert tufter, skålgroplokalitetar, kolgroper og kisgruver i området. Stølsvollen på Fagrasete ligg S vendt og fint til rett på N av elva der denne gjer ein sving mot Stølsgjelet og Nystøl. Stølen vart teken av elva og ikkje bygd opp att etter det.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
WP 091. Ruin etter stølshus. Ruinen ligg inn til ein bergvegg i N. Langsida mot S. Det er opp til 1 meter høge tørrmurar på begge sidene. Om lag 7 x 5 meter. Det ser ut til å ha vært fjøs i bakkeplan med inngang i S, med sel i andre høgda.