Beskrivelse fra lokalitet:
WP 092. Tuft. Det er registrert ei rekkje kulturminne inne på stølsvollane på Nystøl og Fagrasete, samt i området mellom desse. På Nystøl er det ståande stølshus, medan Fagrasete er ein nedlagd støl. Dei registrerte kulturminna skriv seg både frå førhistorisk tid og nyare tid. Det er registrert tufter, skålgroplokalitetar, kolgroper og kisgruver i området. Stølsvollen på Fagrasete ligg S vendt og fint til rett på N av elva der denne gjer ein sving mot Stølsgjelet og Nystøl. Stølen vart teken av elva og ikkje bygd opp att etter det.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
WP 092. Tuft. 7 x 4 meter. Orientert A - V. Låge murar, nærast i bakkeplan. Opp til 20 cm over grasmarka. Synleg stein og heller i heile tufta. Delvis grasgrodd.