Denne tufta ligg ca 10 meter vest for tuft III, inn mot ein steingard som stengjer av Dyraneset frå fastlandet. Den er noko uklar sett i forhold til dei andre tuftene på eidet. Måla på tufta er 6 x 5 meter, der orienteringa er om lag aust-vest. Veggvollane er overgrodd med gras og lyng, men enkelte steinar er synlege langs indre kant på vollane. I sør og aust er tufta noko uklar. Det er vanskeleg å gje ei datering av kulturminnet ut frå form og utsjånad. Mest truleg er tufta frå etterreformatorisk tid, men vi kan ikkje utelukke ei eldre datering. Etter munnlege opplysningar frå Jon Skår skal det ha vorte sagt at det ein gong har heldt til driftekarar på Dyraneset. Vi kan ikkje sjå vekk i frå at tuft III og IV eller hellaren kan samanheng med aktiviteten deira, utan at dette lar seg nærare avgjere. Tuft IV kan vere noko eldre enn tuft III. Det er svært lite av det opphavelege eidet som fortsett ligg på tørt land. Det er derfor mogeleg at det ligg fleire tufter på dette eidet, men at desse i dag ligg under vatn. Det vart teke eitt prøvestikk midt i tufta. Profilen synte ikkje noko lag med trekol. Dette kan tydepå at den ikkje har vært bygd i samband med opphald for menneske. Bygningen har mest trulegvert knytt til opphald for buskapen. Vi kan heller ikkje sjå vekk ifrå at det kan vere ei innhegningfor dyra. Det må likevel ei nærare undersøking til for å avgjere dette.