Møkster stavkirke og Møkster kirke 2 sto på Møkster gamle kirkested, jf. ID 222498.
Kyrkje med inventar, gravplass, omkringliggande steingard, og kyrkjeveg.
«Ved kongeleg resolusjon datert 4.4.1889, vart det gjeve løyve til oppføring av ny kyrkje for Møkster sokn. Kyrkja vart reist på strandstaden Kvalvåg på øya Stolmen, sør for Møkster, men fekk framleis namnet Møkster kyrkje. I resolusjonen heiter det mellom anna at "Efter planen vil kirken blive en langkirke, af tømmer, hvilende paa solid grunnmur og tækket med Hardangerheller, Taarnet tækkes med Kobber. Kirken vil rumme ca. 320 siddepladse". Arkitekt var Hans Heinrich Jess (1847-1916) som tidlegare mellom anna hadde teikna Austevoll kyrkje som sto ferdig i 1891. Byggmeister for den nye kyrkja var Mons Skare. Kyrkja vart vigsla 29.6.1892.Kyrkja er ei langkyrkje med rektangulært skip og eit noko smalare, polygonalt avslutta kor. Kyrkja er uvanleg orientert - i tilnærma nord-sør retning - med hovudinngang i nord. Framfor hovudinngangen er det bygt til eit tårn……Indre søyler deler skipet i eit midtskip og to sideskip, i nordenden av skipet er det eit orgelgalleri. Skip og kor har saltak, tårnet har åttekanta tårnhette. Både eksteriør og interiør har arkitekturdetaljar i nygotikk/sveitserstil. Skip og kor har vegger av lafta tømmerstokkar. Utvendes er veggene kledde med liggande bord med staffprofil langs kantane. Mot grunnmuren er kledninga avslutta mot eit vatnbord. Eit ekstra vatnbord er lagt inn ved undersida av vindauga. Mot takutstikka er kledninga avslutta med ein spissboga blindarkade. Hjørna er dekte av ståande bord.» (https://norgeskirker.no/wiki/M%C3%B8kster_kyrkje)
Kulturmiljøplan 2016 - 2028
Vernestatus: Kommunalt listeført. Ikkje listeført i «kirkelisten» v/Riksantikvaren
Vernekategori: A
Kulturminne med særs høg verdi og omssynssone H570
Kulturminneverdiar: Høg lokal og regional verneverdi. Kulturmiljøet sine verdiar er knytte til historiske
kunnskapsverdiar, opplevingsverdiar og bruksverdiar. Må prioriterast høgt i vidare kulturminnearbeid i
kommunen. Sjå eigen handlingsplan for kulturminne i Austevoll.
Eigarform: Den norske kyrkje/Austevoll sokneråd
Potensiale: Eit verdfullt kulturmiljø med stort lokalt og regionalt potensiale.
Tiltak i planperioden:
Dialog med eigarar
Kulturminneinformasjon – skilting eller app
Kartlegging og dokumentasjonsarbeid
Utarbeida eigen kulturmiljø-/verneplan kyrkjer, kapell og gravplassar mm