Bredsgarden er ein dobbeltgard, med ei husrekkje, rundt 100 meter lang, på kvar side av ein brei, trebrulagt passasje. Etter brannen i 1955 er garden den nordlegaste som er nokolunde intakt. På nordsida ligg restane av Bugården og den opne passasjen som er anlagt på Bugårdens grunn, medan Enhjørningsgården er nabo i sør. Tre sjøstover vender ut mot Bryggen ¿ ei raudmåla og to okerfarga ¿ med ein enkel, udekorert opning inn til passasjen gjennom den i midten. Som elles på Bryggen, er husa langstrakte laftebygningar med svalgangar mot passasjen og saltak, for det meste i tre etasjar. Eit stykke oppe i garden går ei gangbru og ei trapp tvers over passasjen. I eit hus langt bak på sørsida er det i nyare tid skore ut ein passasje gjennom første etasje, for å gi samband til Bryggestredet. Lengst bak i denne husrekkja er to steinkjellarar, den eine av dei i to etasjar. På nordsida ligg her dei opne tomtene etter eldhuset (rive på 1800-talet) og skjøtstova (teke ned i 1917 og seinare gjenreist i skjøtstoveanlegget ved Mariakyrkja). Øvst mot Øvregaten er dei tidlegare kålhagane del av eit parkanlegg.